Eg har jobba natt heile denne veka, men idag tidlig kom eg heim litt før dei andre nettene, så eg var ikkje særleg trøytt då eg la meg. Eg låg lenge uroleg, og tenkte like mykje som eg drøymte- følte eg. Tenkte eg skulle beskrive litt av det eg drøymte;
Eg var på ferietur til Latvia. Ikkje veit eg kvifor eg reiste åleine, men det var no noko eg ville prøva i alle fall. Eg hadde vore der ei stund og gjekk i kjente strøk den kvelden noko underlig skjedde meg. Spaserturen hadde såvidt byrja, snøen hadde såvidt komt, og det var ein kjølig fin kveld. Då ser eg plutseleg ein masse folk nede ved eit vatn som jaktar på noko eg trur er ein isbjørn. Eg trur eg har god tid, men går litt fortare då eg frykte at den kan innhente meg før eg når ein portåning like ved. Porten er selfølgelig stengt ikveld, men det sit ein vakt derinne og les eit blad. Eg bankar hardt på veggen, og han støkk til. Han åpnar fort opp, men i det han skal lukka igjen, kjem ein liten pumaunge springande inn, og eg skimtar samtidig mora i full galopp. Eg roper av full hals til portmannen at han skal lukka att porten, men dei dyrebare sekunda han brukar på å snu seg mot meg for å høyre kva eg sa, sidan han har tydeligvis ikkje har sett pumamora og er forundra over synet av ungen, er nok til at mora kjem hoppande inn også. Eg vart ikkje redd, då ho kom inn. Eg var merkelig nok mentalt innstilt på det, og handlar i full ro då eg tek tak rundt halsen på mora og held ho rundt magen. Drapsinnstinktet som ho hadde i augene forsvann fort då ho skjønte at eg ikkje ville skade ungen, og ikkje lenge etter kom folka som jakta på dei rømte dyra til unnsetning og fekk skutt ei bedøvelsespil i pumaen. Eg trudde eg skulle dø, men bedøvelsespila virka fort, og pumaen gjekk fort ut av bevissthet. Eg gjekk heim igjen ganske kjapt, men drøymen fortsetter...

Eg tok eit nattog til ein heilt anna plass i Latvia, ikkje veit eg kor, men det var utmattande og eg var svært trøytt. Eg skulle til ein fornøyelsespark, men eg kom til destinasjonsstaden lenge før dei i det heile tatt hadde åpna bilettsalg. Eg kom meg imidlertid inn på området, og gjekk rundt å såg på stengde serverdigheitar. Eg gjekk inn på eit område som såg ut som ein liten landsby med teikneseriehytter. Hyttene var trolldomsaktig flotte å sjå på, så det var difor eg gjekk inn, sjølv om ein visstnok måtte betale ekstra for å komme inn her.

NB: Biletet er ikkje 100% likt på biletet i draumen, men er for å hjelpe dykk fantasilause
Då eg hadde gått og sett litt rundt i landsbyen, som eg trur var ein populær barne-tv serie, høyrte eg plutseleg stemmer inne frå eine hytta. Eg stokk litt til og klatra bestemt opp på taket av den hytta lyden kom frå. Som eg hadde gjetta, kom det snart ut to personar frå hytta.

>

Den eine var ein tjukk hundelignande skapning med sigar i kjeften og hatt på hovudet, mens den andre var høg og tynn og hadde ein solsikkeblomst til hovude. Solsikkeblomsten gjekk eg ut ifrå var kona til hunden, sidan ho snakka så lyst og maste heile tida. Eg sneik meg forsiktig ned frå taket, sidan eg ikkje ville bli oppdaga av andre skapningar frå nokre av dei andre hyttene. Lista meg langs hytteveggen og sikta inn utgangen. Då eg kom ut i det åpne høyre eg eit mørkt grynt frå hunden, og levenet er igang. Solsikkeblomsten skrik at eg må komme tilbake, og spør om eg har betalt samtidig mens ho spring etter meg. Eg trur no i alle fall eg er rask nok til å springe frå ein solsikkeblomst, og det stemte ganske bra, men det eg ser i sidesynet vekker oppsikt. Skilt skjært ut som små Pelle-politibilar kjem på skinner frå fleire retningar og sirene skrik bak meg. Då eg kjem til inngangen til tegneseriehyttene er bilettskranka open, og dei spør om eg har bilett då eg når fram. Eg stoppar opp og skal til å betale, då ein meget sterk politiarm tar tak i meg, for no er det komt skikkelige politifolk på staden. Dei kjører meg vekk, mens eg febrilsk prøver å forklare at det ikkje var åpent, og at eg ikkje kunne betale for meg. Etter å ha kjørt ei stund stoppar me ved ein kvit varebil. Der står det ein heil masse av folk som tek imot meg, og eg høyerer at dei snakker om å få meg i fengsel. Eg er så utmatta av trøytthet at eg ikkje gidd å prøva å snakke meg ut av det med korupte politifolk eingang. Det er visstnok eit godt stykke til fengselet, og no er det berre bruddstykker frå drøymen eg hugsar att, men folka som passa på meg blei i alle fall bytta ut kontinuerlig. Eg hugsar at eg låg utmatta på golvet, og omtrent kvar gong eg åpna dei var det heilt nye folk som satt rundt meg.

Eine gongen var det ein stokk latinoamerikanske gjengmedlemmar. Eg smilte hånleg til han eine, og fekk ein trøkk i trynet som svar. Neste gong eg åpna augene var det ein jentegjeng som satt rundt meg. Alle saman såg på meg med dei svarte augene sine og alle var svarthåra. Dei var svært vakre. Eg blei veldig god venn med ei lys jente der inne, som gav meg mat når eg trengde det, for det var som sagt ein lang tur og det var fleire gongar eg trengde mat. På eit tidspunkt var det fest der inne, og eg vart plassert i det ytterste setet mot utgangsdøra. Eg tenkte på å rømme, og at det ikkje hadde vore noko stress for James Bond, men så tok eg meg saman. Eg hadde tross alt ein spesiell type håndjern på, som eg ikkje visste heilt korleis ville detonere viss eg forlot varebilen. SÅ var klokka 10.19, og eg måtte pissa. Gjekk så ut på badet, såg meg sjølv i speilet og tenkte: Ka i granskhaugen e det for slags drøm, Sigbjørn? Fruitcake